Saman for små heltar - NRK TV-aksjonen 2024
Bykle barne- og ungdomsskule – Saman for små heltar – NRK TV-aksjonen Barnekreftforeningen 2024
Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen, som skal etablere familiehus ved universitetssykehusene i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorlig sykdom og familien deres bo sammen mens barnet er under behandling.
Også dette året arrangerte Bykle barne- og ungdomsskule eit løp, der alle elevane løper så mange runder dei klarer på ein time. Runda starta på skuleplassen, rundt haugen, over fotballbanen og tilbake til skuleplassen. Kvar elev fekk eit klippekort, der det blei klippa eit hol kvar gong dei passera start. Elevane hadde på førehand skaffa seg sponsorar, som betalte eit visst pengebeløp for kvar runde eleven klarte. På skuleplassen kunne elevane kva tid som helst få seg eit glas saft eller noko frukt. I år var det mange deltakarar, sidan vi var så heldige at elevar og vaksne frå Fjellgardane skule ville vere med oss.
Det var sjølvaste ordføraren, Hans Blattmann, som starta løpet. Det var stor innsats og mange fornøyde elevar og vaksne. Fleire foreldre og føresette var til stades og heia elevane fram.
Det er laga ein spleis til årets TV-aksjon. Her er lenkja til den: https://www.spleis.no/project/388692
Her kjem eit utval av bilete frå løpet:
Ordføraren viser fram kjedet sitt til nokre elevar
Gitte Haugen
Samling av elevar og vaksne like før løpet tek til
Gitte Haugen
Elevar undervegs i løpet
Gitte Haugen
Elevar undervegs i løpet
Gitte Haugen
Elevar undervegs i løpet
Gitte Haugen
Elevar får saft undervegs
Gitte Haugen
Tilgang på saft og frukt undervegs i løpet
Gitte Haugen
Vaksne som klippar i korta til løparane
Gitte Haugen
Elevar undervegs i løpet
Gitte Haugen
Elevar undervegs i løpet
Gitte Haugen
Foreldre som heiagjeng
Gitte Haugen
Publisert 17.10.2024 09:46
Sist endret 24.10.2024 08:29