Pistolskyting i valfaget friluftsliv
Fredag 17.01 var elevane i valfag friluftsliv samla på skjotebanen i Bykle. Trygt leia av instruktør Kliff Erik Hoslemo frå Hovden Pistolklubb vart elevane drilla i sikkerheit og skyteteknikk. Det vart skote mykje og økta vart avslutta med i konkurranse. Premien var ein pizza på YX Bykle, eller Pizzabakaren på Hovden. Elevane var samde om at dette gav meirsmak og Kliff lova å kome tilbake seinare i vinter.
Fire elevar skyt samstundes
Elevar skyt på blink med pistol
Elevar skyt med pistol
Publisert 22.01.2025 08:52
Sist endret 22.01.2025 08:52