SFO i haustferien
Vi inviterte SFO på Hovden til lunsj og leik i Bykle. Vi spelte Bingo med fine premiar, sponsa av Kiwi Hovden. Fjellgardane stakk av med hovudgevinsten, men det var mange fine premiar til alle. Vi hadde musikk-quiz der ungane blei delt inn i blanda lag, og konkurranseinstinktet slo til hos dei fleste. Det var eit vellykka arrangement.
Seinare i veka tok vi turen til Hovden, der vi gjekk tur til Otrosåsen og bygde hytte før vi gjekk ned til Ridehallen.
Vi besøkte det flotte arrangementet i Ridehallen på Hovden, der ungane fekk utfolde seg i hesteskokasting, lassokasting, kjepphest , og ri på ekte hest. Det var god stemning og mykje besøk i hallen denne dagen. Barna fekk premie for å fullføre dei ulike aktivitane, og etterpå sponsa vi kafeen der dei selde pølser, kaker og saft. Vi var svært mette og nøgde då vi reiste ned att til Bykle.
(Bileta nedanfor er berre frå turen til Hovden. Bileta frå lunsjen og bingoen i Bykle kunne ikkje lastast ned)
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Ingunn Skogheim
Publisert 14.10.2025 09:23
Sist endret 14.10.2025 09:23