Utvida opningstider på Tykkås gjenvinningsstasjon på Hovden
I tråd med eit vedtak i kommunestyret i Bykle blir no opningstidene ved Tykkås gjenvinningsstasjon sør for Hovden utvida.
I tillegg til dagens opningstider vil gjenvinningsstasjonen ha ope for næringsdrivande på tysdagar og private hus/hytter fredagar. Den første laurdagen i månaden blir opningstidene redusert med to timar.
Opningstidene blir slik:
Tysdagar klokka 11-13 (næringsdrivande)
Torsdagar klokka 12.30-18.30 (private og næringsdrivande)
Fredagar klokka 10-13 (private)
Første laurdag i månaden klokka 09-13 (private)
Her finn du heimesida til Setesdal Miljø & Gjenvinning IKS
Publisert 03.01.2025 09:08
Sist endra 06.01.2025 08:48