Siste frist for å søke om utviklingsstipend er 1. mars!
Er du mellom 16 og 25 år og driv med idrett eller kunst på høgt nivå? Då kan det vere at du kvalifiserer til Bykle kommune sitt utviklingsstipend.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 25.02.2026 15:24
Sist endra 25.02.2026 15:24

Ein må vere busett i Bykle kommune for å søke om stipendet, og fristen for søknad er 1. mars.
Her er meir info.
Søknad skal sendast til: postmottak@bykle.kommune.no
RETNINGSLINER FOR UTVIKLINGSSTIPEND:
1. Bykle kommune v/formannskapet kan kvart år dele ut utviklingsstipend på høgt regionalt eller nasjonalt nivå innan kulturområdet. Til dømes innan musikk, dans, idrett, skrivekunst, biletkunst og liknande. Dersom ein ikkje finn kandidatar på tilstrekkeleg nivå, blir stipendet ikkje utdelt.
2. Stipendet kan tildelast inntil tre mottakarar. Kvar mottakar får 25 000 kr i utviklingsstipend.
3. Målgruppa for utviklingsstipendet er kandidatar mellom 16-25 år. ( Du kan søkje det året du vert 16 år).
4. Stipendet kan normalt tildelast inn til 3 gonger. Ein må vere aktiv og vise til presentasjonar for kvart av åra ein søkjer.
5. Utviklingsstipendet kan tildelast personer som er fast busette i Bykle kommune.
6. Kandidatar til utviklingsstipendet kan søkje sjølve, eller den organisasjonen/laget som tek vare på kulturinteressa til utøvinga, kan fremje forslag til kandidat/-ar.
7. Søkjaren må gjere greie for kva stipendet skal brukast til. Dokumentbare utgifter som er knytt til kulturaktiviteten, slik som treningsavgift, kjøp av utstyr, eller reiser for å utøve aktiviteten er døme på bruksområde for stipendet.
8. Utviklingsstipendet vert delt ut utan omsyn til mottakaren sin økonomi.
9. For idrettskandidatar skal forslag om tildeling leggjast fram for Bykle Idrettsråd for uttale.
10. Søknad/nominasjon må sendast til Bykle kommune innan 1. mars kvart år.