Om skulen

Skulen ligg på Hovden og er ein rein barneskule. Den har i overkant av 50 elevar fordelt på 7 klassetrinn. Det er eigen SFO knyta til skulen. Skulen har eit flott uteområde og bruker nærområdet både når det er uteskule og på SFO.

Uteskule

På Fjellgardane skule har vi i fleire år no hatt det slik at vi flytter undervisninga ut kvar onsdag. Desse dagane er vi ute og gjer praktiske ting i samband med dei tema vi har om på skulen. Det kan vere å skodespele ei historie, prøve ut teoriar i matematikk, undersøke naturen rundt oss, bli kjend med lokal historie, besøke museum, feire spesielle dagar og mange, mange andre ting. På uteskuledagane begynner skulen noko seinare; klokka 10.15. Dette er fordi vi skal sleppe unna den verste morgonkulda om vinteren.

Elevane er mykje i fysisk aktivitet på desse dagane. Dei skal komme seg fram og tilbake til det dei skal gjere, og det alltid blir tid til å ”herje” og leike. Dei elevane som har litt vanskar med å sitte stille i klasserommet, får her utfolde seg fritt og vere meir i rørsle.På uteskuledagane må elevane ha med seg utstyr etter kva vi skal gjere. Vi har som regel bål, og et bålmat. På vinteren brukar vi ofte ski. Det er også eit poeng for oss at elevane skal lære seg å ferdast og opphalde seg i naturen. Dei får mellom anna erfaring i å kle seg, kva som er lurt å ha med av skift og utstyr, korleis ein fyrar opp bål, og korleis naturen er her oppe på fjellet. Dette er nyttig lærdom vi håper dei tar med seg, slik at dei kan bruke naturen aktivt seinare i livet også.

For storskulen er dette endra noko på. Vi har vald å kalle dagen for "Praktisk arbeid med fag" Og det vil altså seie at det er skulefaga vi skal arbeide med på ein praktisk måte.

Lunsj og frukt

På Fjellgardane skule sit alle elevane saman og et skulelunsj. Så når det er matfriminutt kjem dei inn til dekka bord, med brødmat og pålegg.  Det er varm mat ein gong i veka. Ein gong om dagen får elevane ferdig oppkutta frukt. Både fruktordninga og skulelunsjen er gratis i Bykle kommune