Her skal det samlast litt informasjon og ressursar for elevar på skulen.
Elevråd
Elevrådet består av tillitsvalde frå kvar klasse på skulen, og skal jobbe for å gje større gjennomslagskraft for elevane. Det er lovfestet at alle skoler skal ha eit elevråd.
Elevrådet skal kunne uttale seg i og kome med innspell i saker som gjelder blant anna læringsmiljø, arbeidsforhold og velferden til elevane.
Tanken med elevrådet er at det skal vere elevanes talerøyr på skulen. Det er fleire elevar på skulen enn lærarar og rektor til samen. Det er da sjølvsagt at den største gruppa på skulen, elevane, skal ha moglegheit til å påvirke sin eigen skulekvardag.
Publisert 25.11.2023 17:42
Sist endret 26.11.2024 11:17