Magisk besøk på Fjellgadane skule!
1.–4. klasse ved Fjellgadane skule fekk denne veka besøk av “Magia Fantasia” med Nina Næsheim, og det vart ei oppleving!
Gjennom ei fargerik og fantasifull framsyning tok Nina elevane med inn i ei verd full av magi, undring og humor. Framsyninga kombinerte tryllekunst, forteljing og leik på ein måte som både engasjerte og inspirerte.
Publisert 16.09.2025 13:07
Sist endret 16.09.2025 13:07