Liten oppsummering av kva vi har gjort i slutten av november og hittil i desember
Den 29.11 lagde 5.-7. klasse peparkaker. Dei laga hjarter og hus. Ondag 6.12 i blei dei pynta og gjort klar til utstilling og til kalender.
Det er stor stas å trekkje eit hjarte kvar dag. Den 5.12 hadde vi besøk av instruktørar frå Gorrlaus-prosjektet. Det var mykje smil og mykje fin dans. Den 7.12 var ein tidligare elev her, og viste oss korleis vi skulle danse "gangar",. Det var veldig artig, og dei tok dansen raskt.
No er det mykje øving på Lucia, fram mot 15.12, så det vaskast og strykast kapper over heile Hovden! Ha ei god førjolstid. Trykk på "les mer", så får de sjå dei bileta vi har tatt i denne tida.
Den 29.11 lagde 5.-7. klasse peparkaker. Dei laga hjarter og hus. Ondag 6.12 i blei dei pynta og gjort klar til utstilling og til kalender.
Det er stor stas å trekkje eit hjarte kvar dag. Den 5.12 hadde vi besøk av instruktørar frå Gorrlaus-prosjektet. Det var mykje smil og mykje fin dans. Den 7.12 var ein tidligare elev her, og viste oss korleis vi skulle danse "gangar",. Det var veldig artig, og dei tok dansen raskt.
No er det mykje øving på Lucia, fram mot 15.12, så det vaskast og strykast kapper over heile Hovden!
Ha ei god førjolstid.
Publisert 15.12.2023 13:28
Sist endret 15.12.2023 13:29