Brannøving med brannbil som høgdepunkt!
I dag gjennomførte elevane ei brannøving, og dei imponerte stort!
Allereie etter 2 minutt og 30 sekund var alle ute av bygget og stod roleg oppstilte i linje – akkurat slik det skal gjerast.
Trass i sur vind og kjøleg vêr tok elevane øvinga på alvor. Dei gjekk roleg, lytta til instruksjonar og viste god forståing for rutinar i ein nødsituasjon.
Og så kom høgdepunktet: brannbilen rulla inn på skuleplassen, til stor begeistring for både små og store. Det vart både smil og nysgjerrige blikk – ei lærerik og spennande avslutning på øvinga!
Det har vore ei trygg og effektiv gjennomføring!
Publisert 16.09.2025 13:20
Sist endret 16.09.2025 13:20