Revidering av sti- og løypeplanLytt til tekstenStopp avspillingSherpasti til Hovdenut Sigrid Bjørgum Bykle kommune har starta arbeidet med å revidere den gjeldande sti- og løypeplanen.Sti- og løypeplanen er eit delprosjekt i den pågåande revideringa av kommuneplanen sin arealdel. Planen vil vere vedlegg til arealdelen og traseane vil inngå i plankartet.Målet med planarbeidet er å sikre eit framtidsretta og godt tilbod for friluftsliv, med omsyn til naturmangfald, lokal verdiskaping og brukarbehov. Planen skal bidra til betre samhandling mellom aktørar og avklare roller og ansvar.Det blir lagt opp til brei medverknad frå innbyggarar, grunneigarar, frivillige, næringsliv og offentlege instansar. Prosessen inneheld fleire dialogmøte, og det blir høve til å kome med innspel via digitalt skjema eller skriftleg.Planprosessen og møteplanen (PDF, 155 kB)Gjeldande sti- og løypeplanFristen for innspel gjekk ut 1. desember Medverknad Presentasjon grunneigarmøta (PDF, 2 MB) Referat frå grunneigarmøte Bykleregionen (PDF, 126 kB) Referat frå grunneigarmøte Midtregionen (PDF, 131 kB) Referat frå grunneigarmøte Hovdenregionen (PDF, 343 kB)Møtereferat frå Prosjektgruppa 27.10.25 (PDF, 136 kB)Presentasjon 27.10.25 (PDF, 3 MB) Publisert 09.10.2025 12:28 Sist endra 02.12.2025 10:19