Om prosjektet og samarbeid

Brynjeprosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Bykle kommune, Setpro Arbeid og Inkludering, NAV og Agder fylkeskommune. Lokalt næringsliv og friviljug sektor er viktige prosjektdeltakarar. Me ynskjer samarbeidspartnarar frå heile samfunnslivet.

Med innanforskap meiner vi opplevd tilhøyrsle, å bli sett, å ynskje seg inn i sosiale normer og eit anerkjent fellesskap når personen sjølv opplever å vere utanfor. På denne måten kan alle på sitt vis bidra med sine ibuande ressursar til nytte for seg sjølv og andre.

På eit overordna nivå skal Brynjeprosjektet medverke til ei positiv utvikling av Bykle kommune som stad å bu og drive næring. Dette skal ein med anna gjere gjennom å avdekke moglegheiter for jobb- og verdiskaping, og å identifisere og prøve ut tiltak for å utløyse dette vekstpotensialet.

Prosjektet skal medverke til at dei som står utanfor arbeidsmarknaden kjem inn, samt motverke framtidig rekruttering til utanforskap.

Brynjeprosjektet skal samlokalisere og koordinere eksisterande kompetanse og ressursar frå fag og sektorar som jobbar innan folkehelse, næring, arbeid, skule, barnehage, kultur, inkludering og helse. Vidare skal verkemidlane dei rår over verte samordna og utprøvd på nye vis. 

Prosjektet har ei heilskapleg tilnærming og har likeverd, myndiggjering og berekraft som grunnleggande verdiar. Arbeidet vert gjennomført etter designmetoden. Det er ein praktisk, menneskjesentrert og prototypedreven metode som inneberer at utfordringar og problemstillingar vert møtt med kreative og strategiske tiltak.

Bykle kommune og nabokommunen Valle utgjer i praksis ein bu- og arbeidsmarknad. Det er difor naturleg at tiltak i prosjektet famnar båe kommunane.

Vekst og inkludering
Eit levande næringsliv og auka verdiskaping er avgjerande faktorar for å skape sterke og gode lokalsamfunn. Næringslivet skapar viktige arbeidsplassar og inntekter som kjem lokalsamfunnet til gode. Samtidig bidreg lokalsamfunnet til at næringslivet kan vekse.

Lokalt næringsutviklingsarbeid inneberer å legge til rette for nye bedriftsetableringar og for utvikling av eksisterande næringsliv. Innsatsen for å fleire i arbeid og innsatsen for å skape vekst i næringslivet byggjer på ulike tilnærmingar og verkemiddel. Likevel er dei knytt saman av eit felles samfunnsbyggande perspektiv om at auka sysselsetjing legg grunnlaget for eit inkluderande og berekraftig lokalsamfunn.

Friviljug sektor tilbyr sosialt fellesskap, inkluderande møteplassar og moglegheit til personleg utvikling. Lag og organisasjonar spiller ei viktig rolle i kampen mot einsemd og utanforskap gjennom å legge til rette for at fleire opplever trivsel, inkludering, meistring og meining.

Berekraftig utvikling
Eit berekraftig samfunn tek omsyn til menneska som lev i dag, utan å øydelegge framtidige generasjonars moglegheiter til å dekke sine behov. FN sine mål for berekraft reflekterer dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling: klima og miljø, økonomi, og sosiale forhold.

Auka lokal verdiskaping, auka sysselsetting og ein arbeidsmarknad som famnar alle er viktige satsingsområde for å skape ei inkluderande og berekraftig samfunnsutvikling i Bykle kommune. Det er likevel ei erkjenning at vi ikkje har lykkast så godt som vi ønskjer, og Brynjeprosjektet er eit av fleire initiativ for auka innsats på dette området.

Ta kontakt for å sjå på moglegheiter for samarbeid!
Har du forslag og innspill til korleis me i lag kan arbeide for meir innanforskap, inkludering og tilrettelegging for dei som fell utanfor i dag? Kontakt prosjektleiar Vidar Mortensen på telefon 92 41 69 61 eller vidar.mortensen@bykle.kommune.no