Tetiana Prokopenko (t.v.) og Oleksandra Tebenkova fekk utvida oppfølgjing i forbindelse med bedriftsetablering.Individuell rettleiing
Brynjeprosjektet tilbyr individuell rettleiing til ungdom, unge vaksne og andre som står utanfor arbeid eller utdanning – men også til dei som har eit ønske om å skape noko sjølve. Dette kan vere å starte eigen bedrift, initiere sosiale møteplassar eller setje i gang aktivitetar som inkluderer andre i lokalmiljøet.
Brynje lagde "Arrangørskulen" saman med Rekordfestivalen.Rettleiinga er tilpassa kvar enkelt sitt utgangspunkt og behov, og kan innehalde samtalar, praktisk støtte, nettverksbygging og hjelp til å utvikle og gjennomføre eigne idear. Målet er å styrkje deltaking, meistring og skapartrong – anten ein søker jobb, vil ta utdanning, eller ønskjer å bidra til fellesskap og inkludering på nye måtar.
Brynje bidreg til lokal sommardrift med ungdom på Hegni.
Bygdekafeen i Bykle er eit populært tilbod.Saman utviklar vi nye moglegheiter
Brynjeprosjektet kan vere ein samarbeidspartnar for lag og foreiningar, bedrifter og enkeltpersonar som ønskjer å utvikle nye prosjekt til beste for lokalsamfunnet. Gjennom felles idéutvikling, planlegging og rettleiing kan vi hjelpe til med å setje gode initiativ ut i livet.
Vi bidreg med kompetanse, nettverk og støtte i prosessen – anten det handlar om å skape inkluderande møteplassar, utvikle sosiale tilbod, starte opp verksemder eller styrkje frivillig innsats. Brynje ønskjer å vere ein medspelar for dei som har ein idé, men treng hjelp til å kome i gang – og for dei som ønskjer å skape noko saman med andre.
Nokre av prosjektpartnarane: Agnes Fosse Hovden frå Rideklubben, Bernt Einar Berntsen frå Bykle Pensjonistlag, Vidar Mortensen i Brynjeprosjektet, og Aud Standal Skagestad i diakoniutvalet.Treng du hjelp med datamaskinen eller telefonen?
Saman med Friviiligsentralen og eining for kultur og fritid v/biblioteket kan me tilby både 1-1 hjelp, felleskurs og tilpassa opplegg for t.d. lag og foreiningar. For bestilling, kontakt Hovden grendehus på 902 16 856, eller på e-post: kultur@bykle.kommune.no
Bygdekafé i Bykle
Kvar torsdag kl 12 - 14 utanom raude dagar og feriar er det open kafé i lokalane til Vaksenopplæringe ved sidan av rådhuset. Her er alle velkomne!
Bygdekafé på Hovden
I samarbeid med Bykle og Hovden Rideklubb vert det skipa til bygdekafé kvar torsdag i stallen ved langrennsarenaen.
Prosjektet ”Ein inkluderande kommune for alle"
Her kan innbyggjarane i Bykle få oppleve inkluderande og meiningsfulle møteplassar der alle er velkomne – uansett alder, bakgrunn eller livssituasjon. Her vert det lagt til rette for gratis aktivitetar og sosiale samlingar som bygdekafé, stallarbeid, hesteterapi og kreative verkstader med oppstart i sommar og vidare.
For den enkelte deltakar inneber dette også moglegheita til å delta i lågterskel arbeidstrening i eit trygt og støttande miljø i Bykle og Hovden Rideklubb, der deltakarar får vere ein del av daglege gjeremål i stallen og lære gjennom praktisk arbeid. Dette gir ikkje berre verdifull erfaring og meistringskjensle, men også høve til individuell oppfølging og støtte i overgangen til utdanning eller arbeidsliv.