Brynje for deg som opplev å vere i utanforskap

I Brynje kan du kontakte oss uansett kva slags kommunale eller andre offentlege tenester du elles er i dialog med. Du kan óg få meir informasjon om Brynje frå dei. Om du ikkje får oppfølging frå nokon i dag, ynskjer me spesielt å snakke med deg. Alle førespurnader vert handsama med teieplikt. 

Ole Birger Lien

Mitt namn er Vidar Mortensen og eg er tilsett som prosjektleiar. I Brynje skal me saman finne dei gode løysingane for at du kan engasjere deg i arbeidsliv og samfunnsliv ut i frå dine føresetnader og ynske. All restarbeidsevne er verdifull og kan kome til nytte ein stad.

Eit inkluderande samfunn bygger på prinsippet om likeverd: Arbeid, utdanning og opplæring er grunnleggande for individets trivsel og vekst, og det skal være tilpassa den einskilde sine evner, ressursar og behov – slik at kvar og ein opplever meistring og utviklar seg både menneskeleg og fagleg.

Mange kan likevel ha ei oppleving av å ikke bli høyrt eller at det er vanskeleg å finne fram i offentlege tenester, skjema og tilbod. Her kan Brynje spele ei rolle saman med andre for å finne ei meir heilskapelig tilrettelegging.

Så ikkje nøl - ta kontakt med meg for ein god prat! Mitt nummer er: 92 41 69 61 og min e-post: vidar.mortensen@bykle.kommune.no