Besøkstenesta

Raudekrossen i Agder i samarbeid med Brynjeprosjektet i Bykle og Bykle frivilligsentral etablerer besøksteneste.

For mange er einsemd eit stort og alvorleg problem. I Bykle som alle andre stader finst det menneske som ikkje har det nettverket me alle bør ha, og difor ikkje får dekka det sosiale behovet. Einsemd er eit samfunnsproblem, og i Bykle kommune ynskjer ein å gjere det ein kan for å motarbeide dette.

Med litt innsats frå engasjerte menneske kan mange oppleve ein ny kvardag og eit meir innhaldsrikt liv

Raudekrossen intervjuar, kursar og godkjenner alle nye besøksvener. På kurset får ein ei grundig orientering om kva det betyr å vere besøksven, og røynde frivillige fortel om korleis dei opplever oppgåvene.

Samen kan me kome opp med ulike løysingar så ein kan få kabalen til å gå opp.  Ein kan gå på ei oppgåve som dette aleine, men også som par eller vener. Det viktigaste er at me får inn folk så me kan kome i gang med det viktige tilbodet.

Anten du ynskjer besøk eller vil vere besøksvenn, kontakt prosjektleiar Vidar Mortensen på telefon: 92416961, eller e-post: vidar.mortensen@bykle.kommune.no

Alle førespurnader vert handsama med teieplikt.