Unesco-kommunane fekk det gilde sertifikatet

Under møtet i Setesdal interkommunal politisk råd (SIPR) i Valle onsdag 17. april fekk Unesco-kommunane Bykle, Valle og Bygland det formelle sertifikatet som stadfestar statusen folkemusikk og dans har fått som imateriell verdskulturarv.

Unesco-kommunane, og "sympatisørar", fekk Unesco-sertifikat i kommunestyresalen i Valle. Frå venstre: Valle-ordførar Lars Tarald Myrum, Byglands-varaordførar Tor Kasin, Bykle-ordførar Hans Blattmann og Åserals-ordførar Inger Lise Lund Stulien. - Klikk for stort bileteUnesco-kommunane, og "sympatisørar", fekk Unesco-sertifikat i kommunestyresalen i Valle. Frå venstre: Valle-ordførar Lars Tarald Myrum, Byglands-varaordførar Tor Kasin, Bykle-ordførar Hans Blattmann og Åserals-ordførar Inger Lise Lund Stulien. Ole Birger Lien

Leiar i Setesdal Spelemannslag, Astri Rysstad, delte ut sertifikata. Ho hadde beint og greitt med seg to ekstra sertifikat, slik at både Åseral og Evje og Hornnes også skulle få noko å henge på veggen. Indirekte reklame for Unesco-kommunane kanskje, og ein fin kuriositet, som ho sjølv kalla det.

Landskappleik på Hovden

Rysstad var elles til stades for å orientere om prosjektet som skal ende i gjennomføringa av Landskappleiken på Hovden i 2026. Eit enormt arrangement, og Rysstad la ikkje skjul på at det kom til å kome inn søknader om støtte, også til SIPR.

– Budsjettet er på fem-seks mill. kr., sa ho.

Kraft og Setpro

SIPR gjekk elles gjennom ei heil rekke saker i løpet av onsdagen. Det vart vedteke å auke løyvinga til Visit Setesdal med 200.000 kr. Bakgrunnen var ein søknad frå Hotellnettverket. Setpro og Brynje-prosjektet møtte opp for å orientere, og potensiell auke i kraftproduksjonen i Setesdal i åra som kjem vart drøfta. 

Skal rullere handlingsplanen - vil kunne måle resultata

Det vart også bestemt at handlingsplanen for SIPR skal rullerast.  Arbeidsutvalet og administrasjonen skal kome fram til forslag til prosess for evaluering av strategi og handlingsplan på styremøtet 12. juni. Styret vedtok at ein etablerer ei arbeidsgruppe som skal jobbe med rullering av handlingsplanen. I arbeidsgruppa skal arbeidsutvalet sitte saman med administrasjonen. Det kom klåre signal om at ein ynskjer ein handlingsplan med mål som er målbare, slik at ein kan sjå om ein oppnår dei resultata ein vil. 

Leiar i Setesdal Spelemannslag, Astri Rysstad, orienterte om Landskappleiken på Hovden i 2026. Ho delte også ut Unesco-sertifikat under møtet i Valle. - Klikk for stort bileteLeiar i Setesdal Spelemannslag, Astri Rysstad, orienterte om Landskappleiken på Hovden i 2026. Ho delte også ut Unesco-sertifikat under møtet i Valle. Ole Birger Lien Frå møtet i SIPR i Valle. - Klikk for stort bileteFrå møtet i SIPR i Valle. Ole Birger Lien