Ekspertpanel tok for seg næringsarbeidet i Bykle kommune

Fungerande næringssjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå, samla nyleg eit ekspertpanel for å hente gode råd for næringsutviklingsarbeidet og strategisk innretting på kva kommunen bør fokusere på framover.

Frå møtet med ekspertpanel om næring i Bykle kommune. Frå venstre: Rune Stiberg-Jamt, administrerande direktør i Oxford Research, Arve Andersson, styreleiar Bykle og Hovden vekst, Sveinung Hovstad, direktør i Innovasjon Norge, Agder, senioranalytikar Bjørn Brastad i Oxford Research, Bykle-ordførar Hans Blattmann, varaordførar Merethe Hjemdahl, Geir Hammersmark, dagleg leiar i Invest in Agder, fungerande næringssjef i Bykle kommune Signe Sollien Haugå og næringsrådgjevar i Bykle kommune Nils Johan Markus Lund. - Klikk for stort bileteFrå møtet med ekspertpanel om næring i Bykle kommune. Frå venstre: Rune Stiberg-Jamt, administrerande direktør i Oxford Research, Arve Andersson, styreleiar Bykle og Hovden vekst, Sveinung Hovstad, direktør i Innovasjon Norge, Agder, senioranalytikar Bjørn Brastad i Oxford Research, Bykle-ordførar Hans Blattmann, varaordførar Merethe Hjemdahl, Geir Hammersmark, dagleg leiar i Invest in Agder, fungerande næringssjef i Bykle kommune Signe Sollien Haugå og næringsrådgjevar i Bykle kommune Nils Johan Markus Lund.

Møtet vart starta med at ordførar Hans Blattmann hadde ei innleiing der han tok for seg kommunen, med kultur for utvikling og høg utviklingstakt. Han viste til ei rekke prosjekt som er under gjennomføring. Så vart det litt meir informasjon om næringsarbeid i kommunen og status på ulike planar, og ikkje minst om stoda i det lokale næringslivet, før ekspertpanelet også vart med i drøftingane.

Vidareutvikling

Ordskiftet gjekk langs to hovudliner. Ein må leggje til rette for at eksisterande verksemder kan vidareutvikle seg, og ein må skape grobotn for nye satsingar som kan auke breidda i det lokale næringslivet, og på det viset gjere det meir robust.

– Drøftingane omhandla alt frå makrobilete og trendar til det konkrete og lokale. Ein drøfta tema som kraftrelaterte etableringar med handterbar storleik, “lågthengande frukter”, hyttefolk som ressursar i næringsarbeidet, og korleis ein kan få meir effekt ut av dei offentlege kronene ein har investert og legg i næringsutvikling, seier fungerande næringssjef i Bykle kommune, Signe Sollien Haugå.

Spisse pengebruken

Ho legg til at samskaping med utdanningsinstitusjonar, flyktningar og andre som ressursar for å skaffe nok arbeidskraft framover også var i fokus.

– Ein såg også på om ein bør spisse pengebruken noko meir. Eit klårt råd var at kommunen må framstå tydeleg og at det er samhandlinga mellom politikk og administrasjon som gjer at ein vinn tillit og blir oppfatta som næringsattraktiv.  Det ligg eit høyringsutkast til strategisk næringsplan som femnar alt det lokalt næringsliv ynskjer at kommunen skal ta ei rolle i. Det kom råd om å spisse næringsplanen til ein forenkla handlingsdel som blir handterbar i høve oppfylgjing, og å halde fokus på det ein kan få til, seier Sollien Haugå.

– Det er veldig positivt å få samla så mykje kompetanse i Bykle,  til drøftingar som vil gje resultat. Me er opptekne av næringsutvikling kvar dag, og med ressursar som det me samla no får me gode innspel på arbeidet vidare, seier ordførar Hans Blattmann.

Administrasjonen i Byke kommune kjem med sak som oppfylgjing av møtet og drøftingane.