Av-og-til-koordinatorar i Bykle og Valle trefte Hovden-russen

Organisasjonen Av-og-til sine koordinatorar i Bykle og Valle trefte russen på Hovden nyleg. Med seg hadde dei både gode råd med tanke på alkohol, og nysteikte vaflar!

Elisabet Premak er Av-og-til-koordinator. - Klikk for stort bileteElisabet Premak er Av-og-til-koordinator.

– Me vart veldig godt mottekne av russen. Så kom me med gode råd, målet er jo at dei alle skal ha ein fin og trygg russetid, seier Margrethe Mosdøl.

Ho var i sving saman med Elisabet Premak.

– Noko av det viktigaste me kunne gje av råd var at dei må passe på kvarandre. Måtehald og fornuft er ein god kombinasjon. Me vitjar gjerne Hovden-russen att! seier Mosdøl.

44 organisasjonar bak

Av-og-til er ein organisasjon som arbeider for godt alkovett. Spesielt er fokus retta mot born og unge, og kva alkohol kan medføre både direkte og indirekte. Satsingsområda for organisasjonen i perioden 2021-2025 er folkehelse, born og unge, båt- og sjøliv, ungdom og alkohol og idrett. Bak Av-og-til står 44 frivillige organisasjonar, så organisasjonen utgjer utan tvil breidden.

HER er lenke til heimesida til Av-og-til

Margrethe Mosdøl er Av-og-til-koordinator. - Klikk for stort bileteMargrethe Mosdøl er Av-og-til-koordinator.